Språkleg mangfald og språkleg variasjon er ein rikdom som Bærum Mållag vil arbeide for å ta vare på og tryggje. Bærum Mållag vil sikre at nynorsk og dialektar har ein naturleg plass i Bærum, at elevane i bærumsskolen får god og motiverande undervisning i nynorsk og dialektar, og at lovene som regulerer skriftspråksbruken i kommunen, blir etterlevde.
Du treng ikkje å skrive nynorsk for å vere medlem i mållaget! Og det er plass til både dei som seier eg og ikkje og dei som seier jeg og ikke – og alle andre variantar. Meld deg inn om du ikkje alt har gjort det. Kjenner du nokon som bør bli medlem? Innmelding her. Under ønskt lokallag, vel Bærum.
Som medlem får du desse rabattane: 10 % på overnatting på Hotell Bondeheimen, 10 % på Kaffistova, 20 % på billettar til Det Norske Teatret, 15 % på tidsskriftet Syn og Segn og 30 % på inngangsbillettar til Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinjesenteret og Garborgsenteret.