Velkommen til Bærum Mållag!

Språkleg mangfald og språkleg variasjon er ein rikdom som Bærum Mållag vil arbeide for å ta vare på og tryggje. Bærum Mållag vil sikre at nynorsk og dialektar har ein naturleg plass i Bærum, at elevane i bærumsskolen får god og motiverande undervisning i nynorsk og dialektar, og at lovene som regulerer skriftspråksbruken i kommunen, blir etterlevde. 

Du treng ikkje å skrive nynorsk for å vere medlem i mållaget! Og det er plass til både dei som seier eg og ikkje og dei som seier jeg og ikke – og alle andre variantar. Meld deg inn om du ikkje alt har gjort det. Kjenner du nokon som bør bli medlem?  Innmelding her. Under ønskt lokallag, vel Bærum. 

- Språkleg mangfald gjer oss rikare

Som medlem får du desse rabattane: 10 % på overnatting på Hotell Bondeheimen, 10 % på Kaffistova, 20 % på billettar til Det Norske Teatret, 15 % på tidsskriftet Syn og Segn og 30 % på inngangsbillettar til Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinjesenteret og Garborgsenteret.

Klikk på vignettane for meir informasjon: