Gjennomførte arrangement

Nasjonsbygging og språkreising i Ukraina

Tysdag 27.september  kl 19.00-21.00, Bekkestua bibliotek
Professor Atle Grønn og historikar Halvor Tjønn

Ukraina hadde aldri klart å stå i mot den russiske invasjonen om ein ikkje dei siste åra systematisk hadde bygd opp ei sterk nasjonalkjensle. Og denne nasjonalkjensla heng tett saman med eige språk. Gjennom fleire hundreår var det ukrainske språket noko som berre levde ute på landsbygda. Dei siste åra før den russiske invasjonen fekk det ukrainske språket ein stadig sterkare posisjon. No er språket eit av Ukrainas fremste våpen i kampen mot den russiske aggresjonen. 

Foto: Agnete Brun

Jan Inge Sørbø: Fire store -
Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam

Tysdag 1.november kl 19.00-21.00, Bekkestua bibliotek
Inngangspengar kr. 100 inkl kaffi og kaker

Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie - det var dansk Gyldendal som mynta uttrykket «dei fire store». Som ein reaksjon på dette mannsdominerte firkløveret løfter Sørbø i den siste boka si, Fire store, fire kvinner. Han viser kvifor dei ikkje har fått plassen dei fortener. Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Sørbø viser at det er tid for nylesing av desse fire store kvinnene i norsk litteratur.

Atle Grønn er professor ved Universitetet i Oslo. Han er ein av dei fremste kjennarane av austslavisk språk i Noreg. 

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og har skrive fleire bøker om russisk historie.   

Sommarens teatereventyr!

Bærum Mållag gjentok suksessen frå 2019 og arrangerte teatertur til Sunne i Värmland helga 27.-28. august 2022. Pris pr. deltakar var 2000 NOK i dobbeltrom og 2300 NOK i enkeltrom. Inkludert var  rom på Ulfsby herrgård laurdag til søndag, billett til framsyninga «En saga om en saga» på Västanå teater laurdag 27. august kl 16.00, omvising på teateret av teatersjef Leif Stinnerbom, middag på Ulvsby herrgård, overnatting på Ulvsby til søndag og herregardsfrukost søndag.

33 personar deltok på turen. 

Västanå Teater http://www.vastanateater.se/ er eitt av Sveriges største sommarteater. Kvar sommar kjem det ca 30 000 menneske til Sunne for å sjå framsyningane til teateret, som held til i ein gigantisk ombygd låve, «Berättarladan». Teateret er kjent for dei fargerike oppsetjingane sine, prega av musikk, dans og flotte kostyme og med sterke innslag av folkekultur, segner og mytar.

I 2022 hadde teatret 50-årsjubileum og det vart ei storveges oppsetting med utgangspunkt i Selma Lagerlöfs dikting i regi av legendariske Leif Stinnerbom og med originalmusikk av Magnus Stinnerbom. 

Omvising Labråten - Hulda og Arne Garborgs heim

Torsdag 2. juni 2022 kl 15. Otto Hvalstadsvei 19, Asker
Inngangspengar: kr 100

Hulda og Arne Garborg kom til Labråten på Hvalstad i Asker i 1897, og her kom dei til å bli buande resten av livet. Labråten vart eit kulturelt kraftfelt i Noreg dei første tretti åra på 1900-talet.

Heimen dei hadde, er godt teken vare på,  og står i dag fram slik som på den tida ekteparet budde der - i fargeval, dekorasjonar, møblering og anna innbu. Interiøret er slik eit uttrykk for dei kulturstraumane som var med til å skapa det Noreg som vaks fram etter 1900. Og her møttest Askerkrinsen med Tilla og Otto Valstad, Martha og Rasmus Steinsvik, Kristofer Uppdal, Olav Nygard, Steinar Skjøtt, Henrik RytterRasmus Løland, David Monrad-Johansen, Erik Lie, Valery Carrick, Olav GullvågJo VisdalAstri Welhaven Heiberg, Dina Aschehoug, Helga Ring Reusch, Andreas SingdahlsenRonald Fangen, Wilhelm Rasmussen og Ellen og Johan Bojer.

Labråten er i dag ei avdeling av Asker Museum.

Ta lokaltoget til Hvalstad stasjon og gå til museet på ca. 15 min. Eller ta buss 270 frå Sandvika bussterminal eller Asker togstasjon til stoppet «Asker Museum».

Norsk i akademia

Torsdag 28. april 2022, kl 19.00
Bekkestua bibliotek
Inngangspengar: kr 100

Kva skjer med språket vårt når mesteparten av forskinga i landet er på engelsk? Kva skjer med kunnskapsformidlinga når så mange forskarar ikkje brukar eller kan norsk? Og kva vil det seie for samfunnsdebatten og det demokratiske ordskiftet? Forsking må vera ubunden av landegrenser, men universiteta har også eit samfunnsoppdrag med utgangspunkt i språk, identitet og verdiar i den staten som finansierer dei.

 Bærum Mållag har invitert to framståande akademikarar frå to ulike fagområde til å innleie til debatt om desse spørsmåla. Begge er uredde debattantar, kjende for å stå fram med fagleg tyngd og velgrunna argument.

Cecilie Hellestveit vart "Årets namn i akademia " i 2021. Da hadde ho på spissformulert vis stilt spørsmål ved auken av utanlandske forskarar ved norske utdanningsinstitusjonar. Det løyste ut ein stor prinsipiell debatt om internasjonaliseringa av norske universitet og den akademiske ytringsfridomen.  Cecilie Hellestveit er jurist og samfunnsvitar med doktorgrad i krigens folkerett frå juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo. Hellestveits fagekspertise er krig, fred, folkerett og internasjonal politikk. Ho har studert og arbeidd i Midtausten, USA, Russland, Frankrike og Tyskland, og har vore knytt til ei rad forskingsinstitusjonar i Noreg (PRIO, SMR / UIO, NUPI, IKOS, ILPI) og i utlandet (Max-Planck Institute for ausländisches öffentliches Recht und Völkerrecht i Heidelberg, Atlantic Council i Washington, juridisk fakultet ved Hebrew University i Jerusalem, og Institute for Applied Ethics i Saarbrucken). Hellestveit talar russisk, arabisk, spansk, fransk og tysk.

Kristian Gundersen er professor i fysiologi ved Universitetet i Oslo og har forska på nerve-muskel-interaksjonar. Han har også hatt mange universitetspolitiske verv, og har sete i universitetsstyret ved Universitetet i Oslo. Gundersen er ein aktiv formidlar av vitskap, og deltakar i offentleg debatt om universitetspolitiske spørsmål og emne som har med faget sitt  å gjera. Gundersen var  postdoktor ved Washington University i Missouri 1990-1992 og postdoktor og forskar ved Nevrofysiologisk institutt ved Universitetet i Oslo 1993-1996. I 1996 ble han utnemnd  til professor i fysiologi ved Universitetet i Oslo. Han var gjesteforskar ved Harvard University 2005-2006. Han arbeider med nerve-muskelsystemet, og oppdaginga hans av såkalla muskelminne ved bygging av muskelmasse vart kåra blant dei 25 viktigaste vitskapsnyheitene i 2013 av det amerikanske magasinet ScienceNews. Gundersen er ein aktiv profilert formidlar og har engasjert seg i mange offentlege debattar både om universitetet og om emne innanfor eige fagfelt. Han skriv i Aftenposten i spalta «Uviten». I  2013 gav han ut boka ”Snåsakoden: En kunnskapsbasert guide til alternativ medisin”. Gundersen er medlem av  Det Norske Videnskaps-Akademi, og er frå  2018 president for The Scandinavian Physiological Society. Han har sete  i Det akademiske kollegium og sit i universitetsstyret ved Universitetet i Oslo.


Halvor Tjønn er møteleiar. 

Tysdag 8. februar 2022, kl 19.00, Bekkestua bibliotek

Biskop Kari Veiteberg fekk Målprisen for 2020 og er no aktuell med boka Bibelen på 200 sider.
Ho vil fortelje om arbeidet med boka med særleg vekt på bibeltekstanes kulturelle betydning.

Bibelen er så mykje meir enn ei bok, den er eit heilt bibliotek med bøker som spenner over eit langt tidsrom og tallause sjangrar. Bibelen er den skrifta som er omsett til flest språk og som har den lengste omsettingstradisjonen av alle bøker. Den har ikkje berre forma tru og kultur, men har også sett avgjerande merke på språket vårt. Det kjem stadig nye bibelomsettingar. Omsettingane skal både forholde seg til tradisjonen og klare den vanskelege oppgåva det er, å gjera tekstane tilgjengelege og forståelege for dei som omsettinga rettar seg til. Dei nynorske omsettingane har vore særleg viktige for bibelspråket i Noreg.

Som vanleg var det spørsmål og samtale i etterkant.

Kari Veiteberg: Bibelkunnskap som folkeopplysning

Trygve Riiser Gundersen om Hans Nielsen Hauge. Myta og mennesket

Onsdag 1. desember 2021 kl 19-21 Bekkestua bibliotek

I år er det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart føddMed berre nokre få års skulegang skreiv han ei lang rekke bøker som fekk enorm utbreiing, samstundes som han reiste rundt i landet, tala til folk og dreiv næringsverksemd. Frå 1797 vart han arrestert gong på gong, men slapp laus, inntil han vart fengsla i 1804. Ikkje før i 1814 vart han domfelt, og ti år seinare døydde han.

I jubileumsåret har mange stilt spørsmål om kva slags rørsle det var denne mannen sette i gong dei siste åra av 1700-talet. Var det ei religiøs vekking? Var det eit opprør og i så fall mot kven? Kvifor var det så viktig for styresmaktene å stogge han? Og kven forma ettermælet hans?  

 «Han braut med viktige prinsipp i den tida han levde i og starta ei anti-autoritær rørsle i eit totalitært samfunn. Men mykje av det kontroversielle ved han vart seinare underslått.» Dette seierTrygve Riiser Gundersen, litteraturvitar og redaktør, som kjem med ei ny bok om Hauge i 2022.

Språk og makt

Makta i orda og makt over orda

Kan utluking av sensitive ord styre oss bort frå gamle fordommar?​Eller er det innhaldet i orda vi må endre? Med Daniel Ims

Torsdag 30. september 2021 kl 19-21,  Bekkestua bibliotek

Identitetspolitikken har sett merke på språkbruken. I dag er det ikkje stuereint å  bruke «n-ordet». Grunnen er at ordet blir oppfatta som fordomsfullt ved omtale av andre menneske, og ordet i seg sjølv har vorte tabu. «Negerbollar» har vorte «kokosbollar». Pippi Langstrømpes far er ikkje lenger «negerkonge», og det er problem med å kalle Torbjørn Egners vesle Hoa «en ekte hottentott». «Indianar» og «eskimo» står for tur. 

Spørsmålet vi stiller er om språket kan hjelpe til med å endre røyndommen og skape ei betre framtid. Eller er dette eit fåfengt strev som berre er resultatet av identitetspolitiske markeringsbehov? 

Å irritere seg over skrivefeil

Kristin Fridtun

Torsdag 21. oktober 2021 kl 19-21,  Bekkestua bibliotek

Vi kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å følgje rettskrivingsreglane varierer.

Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tar det heilt med ro. Kvifor reagerer vi så ulikt? Kva hender i hjernen når vi støyter på skrivefeil? Har personlegdomen vår noko å seie for korleis vi reagerer?

I den nye boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil har Fridtun sett seg føre å svara på desse spørsmåla. Ho grev i faglitteraturen, dukkar ned i kommentarfelta, fretter ut irritable språkbrukarar og granskar irritasjonen frå ulike sider. Ho finn ut at personlegdom har ein del å seie, men at reaksjonsmønsteret vårt likevel ikkje er hogge i stein. Dei aller fleste av oss kan få bukt med skrivefeilirritasjonen, berre vi går inn for det. Men vil vi det?

Og eit anna spørsmål: kven er det som avgjer kva ord som kan brukast, er det ein rett for dei som ordet blir brukt om? Og står vi i fare for å skape språkleg utryggleik og «hol» i språket på grunn av tabisering av innarbeidde ord? Kva skal vi kalle "inuittar" når dei folkeslaga det er tale om ikkje sjølve er samde om nemningsbruken? 

Kjell Aukrust i hundre!

Bekkestua bibliotek, tysdag 10. mars kl. 19.00-21.00

I år er det 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd. 

«Jeg vokste opp blant kuer, griser, hester, høner, spælsau, agronomer fra Østerdalen og en illsint sveiser fra Solør. Det var på Storsteigen Landbruksskole i Alvdal, hvor far min var rektor.»

Slik skriv Kjell Aukrust om bakgrunnen sin i Alvdal. Det skulle vise seg å vera ein framifrå bakgrunn for ein av våre mest folkekjære kunstnarar innanfor så mange område.

Vi feirar minnet hans ved å by inn til ein Aukrust-kveld med forfattaren  Sigmund Løvåsen.  Boka hans om Kjell Aukrust kjem til hausten. 

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett i Svartskog i Oppegård kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Frå 2012-2017 var han leiar i Den norske forfatterforening.

Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, som han både fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttaranes romanpris for. Den frittståande oppfølgjaren Brakk kom i 2006. Den tredje romanen hans , Mamsell Iversen, kom i 2009. Løvåsen har også gjeve ut skodespela sine i bokform: Daga (bok i 2004), Vente på fugl (2009) og Vid din sida (2011). Hausten 2018 kom  den første diktsamlinga hans ut, Med øksene dei haustar inn

Inngang Inkl. kaffi og kaker: 100 kr. 

Når døde språk gjenoppstår

Ny vår for gammalnorsken og historiske språk!

Med professor em. Arne Torp og språkekspertane bak serien Beforeigners, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik

Bekkestua bibliotek, tysdag 11. februar 2020, kl 19:00-21:00

Språkleg mangfald blømer i dag på scene, skjerm og lerret. Språk i seg sjølv har vorte eit poeng på film og fjernsyn. I haust vekte serien Beforeigners (Framvandrarane) på kanalen HBO stor merksemd. For fyrste gong såg vi ein stor fjernsynsproduksjon der mykje av dialogen var på norrønt språk – det som vart tala i Noreg i vikingtid og i høgmellomalderen. Serien hadde ikkje vore den same, om ikkje rollefigurane hadde snakka dei respektive talemåla sine rett og truverdig. 

Noko av det same har vi sett i den store serien The Vikings, bygd på soga om vikingkongen Ragnar Lodbrok, der vi høyrer både norrønt og angelsaksisk mål. Underhaldningsindustrien legg i dag ned store resursar på å skapa språkleg autentisitet. Det gjeld ikkje minst for talemål som for lengst er borte - eller jamvel aldri har eksistert. 

Når det ikkje lenger er nok at det blir tala moderne standardtale, dukkar det opp heilt nye krav til skodespelarane, og språkekspertar må koplast inn. Faga språkhistorie og historiske språk har lenge vore truga fagområde på universiteta. Det var nok få som såg at det var underhaldningsindustrien som skulle gje desse faga ny aktualitet og nye oppgåver!  Framtida er noko heilt anna enn framskriving av notida og byr på overraskingar som spenner bein under kalkylane til styringsrasjonalistane.

I arbeidet med  Beforeigners trekte serieskaparane inn eit høgkompetent vitskapleg miljø ved Universitetet i Oslo. Vi møter to av dei som var ansvarlege for språket i serien, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Professor em. Arne Torp kjem òg på møtet og kommenterer korleis gammalnorsk skil seg frå talen i dag, og kva som må til for at vi skal få eit rett bilete av korleis forfedrene og formødrene  våre talte i norrøn tid. 

Inngang:50 kroner inkl.  kake og kaffi

Møtet vart arrangert av Bærum Mållag  i samarbeid med Bekkestua bibliotek. 

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bekkestua bibliotek, torsdag 28. november kl 19.00

Oddgeir Bruaset fortel korleis folk på avsidesliggjande stader har feira - og framleis feirar - jul. Han tek oss med til julehøgtid høgt til fjells, ytst i havgapet og inst i tronge fjordarmar. Bli med på møtet og gled deg til å komme i god og gammaldags  adventsstemning. 

Oddgeir Bruaset vart fødd i Måndalen i Romsdal i adventstida i 1944 og er journalist, forfattar og programleiar. Mest kjend er han frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» (2001–2014). Han er også ein etterspurd foredragshaldar. Han har teke imot ei rad prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009 og heidersprisen under Gullruten i 2015.

Bruaset har skrive fleire bestseljarar, mellom anna Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. I 2017 kom boka Du grøne, glitrande, om juletreets historie. 

Havet skapte land og rike, 23. 10.19

I den romantiske historieskrivinga har bonden og innlandet vorte sett på som grunnlaget for det norske. Men det er havet som har forma landet, og som meir enn nokon gong er føresetnaden for  velferden vår.  Per Anders Todal fortel om dei hava som har gjort oss til kva vi er,  og som vil bli avgjerande for framtida vår. 

Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjende for dei aller fleste. Todal tek oss med på ei reise til det usynlege Noreg. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg.

Etter foredraget blir det diskusjon om aktuelle spørsmål knytte til utnyttinga av havet i dag. Om foredragshaldaren. 

Den største norske dramatikaren sidan Ibsen 26.09.19

Jon Fosse. Foto: Tove Breistein

Med Lise Fjeldstad og Carl Morten Amundsen

Jon Fosse er i dag den mest spela samtidsdramatikaren i Europa , og den mest omsette med utgivingar på albansk, hebraisk, japansk, farsi, slovensk, tibetansk og over 40 andre språk. Han blir spela på dei store teaterscenene rundt om i heile verda og blir sett opp av eit utal mindre teatergrupper.

Med Fosse har norsk dramatikk fått ein plass den ikkje har hatt sidan Ibsen. Det er møtet mellom menneske som dannar kjernen i stykka hans, og det berande er ikkje så mykje ytre handling som språket sjølv, eit melodisk språk med stadige oppattakingar, eit språk som står poesien nær. Og sjølv om Fosse  i dag  er mest kjend som dramatikar,  har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar, ikkje minst lyrikk av uvanleg høg kvalitet.

Bærum mållag og Bekkestua bibliotek inviterer torsdag 26. september kl. 19.00 til eit møte om dramatikken og eit møte med lyrikken til Jon Fosse. Lise Fjeldstad, ein av dei fremste tolkarane av Fosse, framfører utvalde dikt. Sjefdramaturg Carl Morten Amundsen ved Det Norske Teatret talar om Jon Fosses veg inn på teaterscena og om posisjonen hans som dramatikar.

Teatertur til Sunne 07.09.19

Teatertur, laurdag 7. september med overnatting til søndag

31 personar har medlt seg på til framsyninga av Fosses Edda på Västanås teater 7.9. kl 16.00 med middag og overnatting på Ulvsby herrgård til søndag. Før framsyninga tek regissøren; Leif Stinnerbom imot og orienterer, og kostymeansvarleg Inger Hallström Stinnerbom viser rundt på kostymeutstillinga. 

Foto frå turen.Klikk her

Kor går Tyskland? 9.04.19

100 år etter at Weimar-republikken vart oppretta og 80 år etter at andre verdskrigen tok til, strevar Tyskland framleis med å finne plassen sin i Europa. På 9. april stilte vi spørsmålet:

Kor går Tyskland?

Opning ved Tysklands ambassadør til Noreg, Alfred Grannas. 
Foredrag ved Astrid Sverresdotter Dypvik, historikar, journalist og forfattar. Kommentar ved styreleiar for Willy Brandt stiftinga, stortingsrepresentant Sverre Myrli.

Må vi finna oss i at kino blir til sjino? 5.03.19

Det norske språket er i endring. Noko av det som er mest tydeleg, er at kj-lyden forsvinn til fordel for sj-lyden, slik at til dømes kino blir til sjino og kjedekollisjon blir til sjedekollisjon

Også andre endringar er i emning, som til dømes at den oppveksande slekta har problem med å skilja mellom subjekts- og objektsform. I Arendalsområdet er dette tydeleg:«Eg vil leika med du»  seier ungane på Fevik, Hisøya og andre stader på Sørlandet. 

Så er sjølvsagt spørsmålet: Gjer dette noko? Går vikitge nyansar i språket tapt når talordet tjue blir uttalt sjue, eller forstår vi likevel det som blir sagt? Skal Språkrådet, skulen, NRK osb. gjera alt det ein kan for å hindra desse endringane, eller bør me berre la utviklinga gå sin gang? Bør talemålsnormeringa i skulen bli strengare med sikte på å hindra at desse endringane får breia seg ut?

For å diskutera dette invitert me i byrjinga av mars prof. emeritus Arne Torp og NRK-medarbeidar/nyhendeanker Ingvild Bryn. Meir enn 100 møtte opp for å høyra kva Torp og Bryn meinte om denne saka.   

Møtet blei arrangert i samarbeid mellom Bærum Mållag og Bekkestua bibliotek. 

Kva skal vi med målrørsla? 7.02.19

Magne Aasbrenn har vore leiar av Noregs Mållag sidan 2016.

Treng vi ei rørsle for eit nynorsk skriftspråk i ei tid der internasjonaliseringa går raskare enn nokon gong og der mest alle dei høgare lærestadene i Noreg er i ferd med å bli ikkje riksmåls-, men engelsktalande? Er det i det heile teke noka interesse blant norske ungdomar i dag å ta vare på det norske språket, eller ser dei føre seg at det er best berre å gå over til engelsk så snart dei kan?  Har dei nasjonale kulturane, skriftspråka og talemåla i dei mindre landa i Europa noka framtid?

Dersom me legg til grunn at mest heile verda om 200 år likevel snakkar ei form for global engelsk, er det då nokon vits i å arbeida for at eit skriftspråk som til dagleg blir brukt av ein halv million nordmenn, skal leva vidare?

Dette er nokre av spørsmåla som Magne Aasbrenn, den profilerte leiaren av Noregs Mållag, kjem og snakkar om på lagsmøtet i Bærum Mållag 7. februar. Magne vil snakka om framtida til den norske målrørsla og kva for utfordringar ein vil møta i åra som kjem. Alle vener og medlemmer av Norges Mållag, alle som er opptekne av framtida til norsk språk og kultur, er velkomne til denne viktige debatten.

Etter føredraget og debatten blir det årsmøte i Bærum Mållag.

Møtet tek til klokka 18.30 (merk tida!) på møterommet i Bekkestua bibliotek (til høgre for den store salen på biblioteket) 

Norsk språk og kultur - liv laga? 22.11.18

Statssekretær Sveinung Rotevatn og medlem av Nobelkomiteen Asle Toje heldt innleiing under møtet på Bekkestua biblotek 22. november 2018. 

Dei drøfta om norsk språk og kultur har ei framtid i ei verd som blir stadig meir internasjonalisert, og der land og kulturar blir stadig meir innvevde i kvarandre. Det blei under møtet eit friskt, men sakleg ordskifte om eit tema som opptek stadig fleire i vår tid. Møtet blei arrangert i samarbeid mellom Bekkestua bibliotek og Bærum Mållag og omlag 60 møtte fram for å høyra dei to innleiarane. 

Helene Uri: Om kvinner, menn og språk. 18.10.18

Han sutrar som ei jente. Ho har hår på brøstet. Han køyrer som ei kjerring. Det er på tide at ho mannar seg opp.» 

Uri har kome med ei bok om kvinner, menn og språk: «Hvem sa hva». Snakkar kvinner og menn forskjellige språk? Er kvinner meir indirekte i sitt språk? Finst det eigne kvinneord og eigne mannsord? Og kva skjer med språket når kvinner og menn blir omtalte?

I over ti år har Uri vore på på systematisk jakt etter kva vi seier, korleis vi seier det, og kven som seier kva. 

Torsdag 18. oktober var Helene Uri på Bekkestua bibliotek og snakka om korleis språket speglar omverda, men også om korleis det formar den: Førestillingar om kvinner og menn finst overalt i språket vårt og fortel oss kva vi – meir eller mindre bevisst – tenkjer om kvarandre og oss sjølve.

Møtet blei arrangert i samarbeid mellom Bekkestua bibliotek og Bærum Mållag.

Nordisk språkforståing - må vi ty til engelsk? 24.09.18

Norden har mange og ulike språk. Tre av dei største språka – dansk, norsk og svensk – er mellomforståelege. Eller er dei det lenger? Og i så fall kor lenge vil det vara? Er den nordiske språkfellesskapen ein realitet, og korleis opplever vi grannespråka våre i dag? Vil skandinavar også i framtida kunna bruke morsmåla sine i kommunikasjonen med grannelanda, eller må vi bruke engelsk? Finnar, færøyingar, grønlendarar og islendingar har jo alltid måtte ty til eit framandspråk, men før var det eit skandinavisk språk dei brukte; no er det mest engelsk.

Dette er nokre av dei spørsmåla som blei teke opp då ei rekke profesjonelle nordistar satte kvarandre stemne på Bærum bibliotek Bekkestua 24. september 2018.

Møtet markerte den europiske språkdagen, som har som formål å fremja det språklege og kulturelle mangfaldet i Europa.  I tillegg til Per Ivar Vaagland frå Bærum Mållag hadde desse korte innleiingar:

  • Generalsekretær Aja Bugge (DK), Fondet for dansk-norsk samarbeid, Lysebu og Schæffergården.
  • Programsjef Anna Floren (S), Voksenåsen 
  • Rådgjevar Heidi Lønne Grønseth (NO), Foreningen Norden 
  • Ambassadør Hermann Ingólfsson (IS), Islands ambassade i Oslo.
  • Direktør Åsa Juslin (SF), Finsk-norsk kulturinstitutt
  • Førsteamanuensis Gitte Mose (DK), Universitetet i Oslo, ansvarleg for dansk språk og litteratur.

Møtet ble arrangert av Bærum Mållag, Bærum bibliotek og Foreningen Norden.

Det nynorske diktet. 3.05.18

Kva skil nynorskdiktet frå dikt på bokmål?

Svært mange nynorskdikt høyrer til dei aller beste i den norske lyrikktradisjonen. Det er nok å nemna Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Olav Nygaard, Tor Jonsson, Halldis Moren Vesaas, Olav Aukrust, Olav H. Hauge, Arne Garborg, Aslaug Vaa, Henrik Rytter, Åse Marie Nesse og sist, men ikkje minst, Ruth Lillegraven frå Bærum.

Jan Inge Sørbø har skrive fleire bøker om norske lyrikarar og kjem i år med boka Nynorsk litteraturhistorie. Han henta fram nye, ukjente sider ved den nynorske lyrikken 3. mai under møtet på Bekkestua bibliotek som blei arrangert i samarbeid mellom biblioteket og Bærum Mållag. 

Aasmund Olavsson Vinje 200 år. 13.03.18

Med Tone Ringen

Skodespelar Tone Ringen tok oss med på ei ferd gjennom den udødelige diktinga til Aasmund Olavsson Vinje, 200 år etter at han vart fødd på ein liten gard i Vinje i Telemark. 

Vinje har laga nokre av dei største dikta som er skrivne på norsk, mellom anna Ved Rondane, Våren og Den dag kjem aldri. Han blei feira på dette møtet som blei arrangert av Bærum Mållag saman med Bekkestua bibliotek 13. mars 2018.

Årsmøte i Bærum Mållag. 14.02.18

Den 14. februar var det årsmøte i Bærum Mållag. Laget er i god framgang, og på årsmøtet drøfta me saker til landsmøtet i Noregs Mållag i Vinje 12-15 april 2018. Særleg er Bærum Mållag oppteke av framtida for norsk språk i Noreg, og vi fremja ei fråsegn om saka på landsmøtet til NM. Det var óg val til styret i laget. Referat frå årsmøtet er lagt ut her: >>>.

Røff guide til norsk samtidslitteratur. 7.02.18

Marta Norheim har skrive vegvisar til den norske samtidslitteraturen

Kva skriv dagens forfattarar om? Kva fortel dei ikkje om?

Ein av landets fremste litteraturkritikarar, Marta Norheimfrå NRK, guida eit godt besøkt møte på Bekkestua bibliotek gjennom nyare bøker i den norske litteraturen den 7. februar 2018.

Møtet blei arrangert i samarbeid mellom Bekkestua bibliotek og Bærum Mållag.

Kva vil det seia å vera norsk? 22.11.17

Walid al-Kubaisi, ei av dei viktigaste stemmene i debatten om Noreg og norsk identitet dei siste 30 år.

 Onsdag 22. november arrangerte Bærum Mållag saman med Bekkestua bibliotek eit møte om kva det vil seia i vår tid å vera norsk.

Til møtet hadde me invitert Walid al-Kubaisi og Gudleiv Bø. Walid al-Kubaisi har gjennom 30 år vore ei kjent stemme i debatten om Noreg, innvandring og norsk identitet. Gudleiv Bø er professor em. i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Kva det vil seia å vera norsk i ei tid med internasjonalisering, globalisering og store folkevandringar er ein av dei viktigaste, og samtidig mest motsetnadsfylte debattane i Noreg i dag. Ikkje uventa snakka Al-Kubaisi og Bø til ein fullsett sal i Bekkestua bibliotek. Møtet blei solid dekka av NRK-Verdibørsen.

Diverre døydde Walid al-Kubaisi sumaren 2018. Tilskipinga i Bærum Mållag var ei av dei siste han tok del i. 

Engelsk eller norsk i Noreg?

Det norske språket er under press. I akademia tek engelsk ein stadig større plass. Oslo kommune har oppretta skuleklasser der undervisingsspråket er engelsk, frå fyrste og heilt opp til 10 klasse i grunnskolen. Er dette ei god utvikling? Kan noko bli gjort for å styrke stillinga til norsk i Noreg, eller skal me se på ei utvikling der engelsk erobrer det eine domenet etter det andre?

Bærum Mållag vil ta saka opp på landsmøtet til Noregs Mållag våren 2018. Meiner du at dette er ei viktig sak i dag, kan du melda deg inn i Bærum Mållag og bli med på arbeidet i laget. Alle som støttar målsettinga til Noregs Mållag er velkomne, anten du snakkar Bærums- eller Vossa-dialekt, anten du har budd i Noreg i eitt år eller heile livet. Ta kontakt med Bærum Mållag på Facebook-sida vår!

Frå gamalnorsk til nynorsk 11.10.17

Då Oslo var hovudstaden i Noreg i tida omkring 1300, skreiv ein gamalnorsk i skrivarstova til den norske kongen.

To hundre år etterpå var det gamle norrøne språket borte. Noreg var blitt ein dansk koloni der dansk skriftspråk var einerådande. Kva var det som hadde skjedd? Kvifor overlevde ikkje det norrøne målet i Noreg, slik det gjorde på Island?

Professor Arne Torp, ein av Noregs fremste kjennarar av norsk språkhistorie, kasta ljos over utviklinga av norsk språk i Bærum Mållag den 11. oktober 2017. Møtet var særs vellukka og professor Torp tala til ein fullsett sal i Bekkestua bibliotek.

Totalitarisme i Noreg 27.04.17

Jørgen Norheims bok «Aldri redd for mørkets makt - historia om eit brotsverk» kom ut hausten 2016. Boka er eit brennande oppgjer med totalitær tenking i Noreg generelt, og med stalinismen spesielt. Under det godt besøkte møtet på Bekkestua bibliotek 27. april las forfattaren frå boka, og det blei eit ordskifte om totalitarisme i Noreg. 

Tor Jonsson--feiring 26.10.17

Tor Jonsson var ein av dei største norske lyrikarane og skarpe essayistane i det 20. hundreåret. I 2016 ville Tor Jonsson ha vore 100 år om han hadde levd. Diktaren døydde allereide i 1951, like før han blei 35 år. Sjølv om Tor Jonsson har vore død i mange år, lever dikta hans vidare. Kven kjenner ikkje «Nærast er du når du er borte, noko blir borte når du er nært, dette kallar eg kjærleik, eg veit ikkje kva det er» og «Eg er grana, mørk og stur, du er bjørka, du er brur, under fager himmel. Båe er vi norsk natur».

Onsdag 26. oktober arrangerte Bekkestua bibliotek i samarbeid med Bærum Mållag ei feiring av Tor Jonsson og diktinga hans. Andreas Hompland, Tone Ringen og Ivar Frønes kåserte om diktaren og tolka fleire av dikta hans. Det var omlag 100 frammøtte på tilskipinga.    

Islandstur 2016

I byrjinga av mai 2016 arrangerte Bærum Mållag ein tur til Island for medlemmene. Me såg stadene der soga om Njål gjekk føre seg, me besøkte Thingvellir, Borgarfjord der Egil Skallagrimsson budde og siste, men ikkje minst, blei me teke i mot på Reykholt, heimstaden til Snorre Sturlason. Det var ei stor oppleving for alle som var med.

Per Egil Hegge om språket i norsk presse 10.03.16

Per Egil Hegge, kjend frå Aftenposten gjennom ein mannsalder, var i Bærum Mållag og Sandvika bibliotek 10. mars 2016 og snakka om språket i norsk presse.

Hegge er kjend som ein av dei skarpaste kommentatorane i norsk journalistikk, og gjennom den daglege spalta si i Aftenposten deler han ut ros og ris til brukarar av det norske språket. 

Flatøyboka - 600 år gamal sogeskatt 19.11.15

Historieprofessor og fagleg primus motor bak utgjevinga av Flatøyboka, Torgrim Titlestad, presenterer verket under eit møte i Bærum Mållag den 19. november 2015. Møtet blei arrangert i samarbeid med biblioteket i Bærum. 


På 1380-talet satt lærde menn på Island og skreiv eit stort historieverk om Noreg. Verket fekk namnet Flatøyboka, eller Flateyjarbók på islandsk. Heilt fram til i dag har verket vore utilgjengeleg for den vanlege norske lesar. No blir verket gjeve ut i seks bind av Saga bokforlag i Stavanger. 

Forfattarkveld 25.08.15

I samband med den europeiske språkdagen den 24. september 2015 arrangerte Bærum Mållag i samarbeid med Bærum bibliotek eit møte med forfattarar som bur og arbeider i Bærum. 

Ruth Lillegraven frå Lommedalen,

Malgorzata Piotrowska frå Snarøya

Lars Ove Seljestad frå Eiksmarka.

Dei tre forfattarane tok opp spørsmålet om Bærum var eit eksil for å skrive om og illustrere førestellingar om andre stader.

Feiring av Alf Prøysen 27.11.14

Bærum Mållag feira Alf Prøysen i Bekkestua bibliotek torsdag 27. november 2014. 

Professor emeritus Gudleiv Bø inviterte til ei reise i diktinga til Alf Prøysen, den store fortolkaren av den austnorske folkekulturen som i 2014 blei 100 år. Gudleiv Bø tok for seg kunsten til Prøysen og tilhøvet hans til den norske folkediktinga.

Kalle Moberg og Kristian Kongelf Jensen spela visene til Prøysen. 

Har norske dialektar ei framtid? 24.09.14

Bærum Mållag markerte Den europeiske språkdagen på Bekkestua bibliotek ondag 24. september 2014 med Yasmin Syed og Arne Torp.

Noreg har opp til vår tid hatt eit mangfald av dialektar.  I motsetnad til dei fleste europeiske landa, har hovudstadsdialekten aldri slege gjennom i storbyar i andre delar av landet. Men verda, og Noreg, blir hurtig ein mindre stad. Vil meir flytting, moderne kommunikasjonar og ikkje minst nedlegginga av norske bygdesamfunn føre til at dialektane langsomt, men sikkert døyr ut? Professor Arne Torp og kanalvert i NRK, Yasmin Syed, var i Bekkestua bibliotek onsdag 24. september kor Bærum bibliotek saman med Bærum Mållag markerte den europeiske språkdagen 2014. Omlag 70 bæringar møtte fram for å høyre to særs engasjerte språkfolk.

Feiring av Grunnlova 13.09.14

2014 var året for å feire det norske sjølvstendet og den norske grunnlova. Dei seks vekene då Eidsvolls-mennene sat saman og utforma Grunnlova våren 1814, definerte dei den norske staten og statsskipnaden for all framtid: At Noreg er ein sjølvstendig nasjon tufta på folkesuverenitet, demokrati, rettstryggleik, ytringsfridom og likskap for lova.

Bærum Mållag feira Grunnlova med møte på Bekkestua bibliotek torsdag 13. mars klokka 19. Leiar for forskingskomiteen for Grunnlovsjubileet, professor Ola Mestad, heldt innleiing om den plassen folkestyret og folkesuvereniteten har i Noreg i dag.

Blant dei spørsmåla Mestad tok opp, var: Kva slags folkestyre har Noreg hatt i 200 år? Kva tyder arven etter 1814? Han slog fast at når det gjeld 1884, då det blei slege fast at kongen ikkje hadde noko veto i Grunnlovs-saker, hadde Venstre (ikkje Høgre) rett.

Historikar Åsmund Svendsen har skrive den kritikarroste biografien om målmannen, historikaren og politikaren Halvdan Koht.

Halvdan Koht

Halvdan Koht var ein av dei store politikarane som forma det nye Noreg etter 1905. I 1912 skipa Koht Bærum Mållag, og gjennom heile livet sto han fremst i striden for norsk folkemål. Då Nygaardsvold-regjeringa blei danna i 1935, var Koht den sterkaste intellektuelle krafta der.

Koht måtte ta sin del av skulda for at Noreg ikkje var budd på det tyske åtaket på Noreg i 1940. Dette er eit av dei vanskelegste punkta i livet hans, som Svendsen skriv om i den djuptpløyande boka om ein av dei største historikarane i Noreg i moderne tid.  

Svendsen vitja Bærum Mållag og Bekkestua bibliotek i slutten av november 2013 og heldt ei gnistrande innleiing om Halvdan Koht.

01.

WE ARE CREATIVE MEDIA AGENCY

We know that good design means good business.

Paragraphs are the main building blocks of web pages. To change what this one says, just double-click here or hit Edit text. You can change the style here, too.


Paragraphs are the main building blocks of web pages. To change what this one says, just double-click here or hit Edit text. You can change the style here, too.