Aina Basso kjem med ny bok på Samlaget i september, Eg rissa desse runene, ei novellesamling basert på runeinnskrifter.


Fiskaren Ragnar dreg opp eit garn som aldri blir tomt for fisk. Havgrim kløyver skallen til Harald med øks og blir lyst fredlaus. 11 år gamle Eidunn blir send vekk frå familien for å gå i lære i nonneklosteret, mens tannknekkaren Bergsveinn minnest Bergtora, som valde å bli dødeleg for kjærleiken sin til han.


Novellene i denne boka har historiske runeinnskrifter som førelegg. Innskriftene stammar frå 1100-1200-talet og varierer mellom enkle beskjedar, merkelappar og kjærleikserklæringar til nidskrifter og magiske formular. Aina Basso pustar liv i menneska og mellomaldersamfunnet, ei tid som er ganske ulik vår eiga, men der sorgene og gledene til menneska vi møter, likevel minner om våre.


Aina Basso er fødd på Giske i Møre og Romsdal. Basso har kvensk bakgrunn på farssida. Ho tok mastergrad i historie ved NTNU i 2005. Basso arbeidde som spesialkonsulent i Oslo byarkiv i 2006–2009, og har sidan vore frilansar.


Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 kom romanen Fange 59. Taterpige. I Finne ly (2014) er handlinga lagt til midten av 1850-talet og handlar om romanifolket. Ungdomsromanen Inn i elden kom i 2012. Boka handlar om hekseprosessane i Finnmark i 1620-åra. I 2016 kom hennar første sakprosabok for barn og unge, Heksejakt og heksebrenning i Europa. Ho har òg skrive om historia til dødsstraff i Noreg i sakprosaboka Dei dødsdømde: dødsstraff i Noreg og historia om nokre av dei som mista livet (2022). I romanen Ungen (2019) skriv Basso om levekåra og skjebnane til uønskte barn fødde i Kristiania i overgangen mellom 1800- og 1900-talet.