Bærum Mållag

Årsmelding

Bærum Mållag 2021. Vedteke på årsmøtet 8. februar 2022

Årsmøteperioden
Denne årsmeldinga gjer greie for arbeidet i Bærum Mållag for heile året 2021. Bærum Mållag heldt førre årsmøtet sitt 17. juni 2021. Årsmøteperioden er difor 17.06.21-18.01.22.

Styret i årsmøteperioden:
Per Ivar Vaagland, leiar (2020-2022)
Brit Ragnhild Øydna Fisknes, nestleiar (2020-2022)
Halvor Tjønn, skrivar (2020-2022)
Astrid Ramnefjell, kasserar (2021-2023)
Anne Mette Strand (2021-2023)

Varafolk (valde for eitt år)
Gudleiv Bø (attval)
Tone Marie Kjeka (ny)
Inger Marie Jordell (ny

Revisor
Øystein Tormodsgard
Valnemnd
Ola Raftevold og Marit Hovdenak
Åse Hermundstad Sanner har vore primus motor i arbeidet med Nynorsk inspirasjonsdag.

Arbeidet i styret
Styret har vore eit godt og inspirerande arbeidsfellesskap, der alle har delteke og har hjelpt til i arbeidet. Også varafolka har vore med på ein del av styremøta.
Styret har delt oppgåvene seg imellom. Visse oppgåver har lege fast til ein av medlemmene. Som kasserar har Astrid Ramnefjell hatt ansvar for rekneskapsføring og utbetalingar og har hatt det daglege tilsynet med økonomien i laget. Halvor Tjønn har vore skrivar og har skrive referat frå styremøta. Som styreleiar har Per Vaagland sytt for innkalling til møte og har stått for møteleiing, han har teke opp aktuelle saker og fremja framlegg til tiltak. Han har og arbeidd med informasjon om laget, og har hatt ansvar for nettsidene. Brit Ragnhild Øydna Fisknes og Anne Mette Strand har som styremedlem følgt nøye med på alle saker som styret har hatt føre og har hatt ansvar for gjennomføring og leiing av publikumsarrangement.
I 2021 har det vore 6 styremøte, haldne på kveldstid heime hos styremedlemmer: 27. mai, 31. august, 27. september, 14. oktober, 23. november og 6. desember.
Brit Ragnhild Øydna Fisknes representerte Bærum Mållag på fylkesårsmøtet i Vikværingen 22. september 2021.


Allment om lagsarbeidet
Også i 2021 har lagsarbeidet vore mykje hemma av
korona-restriksjonane. Laget planla seks publikumsretta arrangement gjennom året. Berre tre har kunna gjennomførast. Desse møta er avgjerande for kontaktarbeidet vårt, og medlemsvervinga har lide skade av avlysingane.
Omframt arbeidet med å planleggje møte og gjennomføre dei som ikkje måtte avlysast, har laget arbeidd med fråsegner, elektronisk medlemskontakt og informasjonsarbeid.

Publikumsretta arrangement
Desse arrangementa er opne for alle og blir gjennomførte i samarbeid med Bekkestua bibliotek. Biblioteket står for lokale og hjelper til med informasjonen. På møta blir det servert kaffi og kaker. Inngangspengane er sette slik at dei skal dekkje kostnadene til honorar for dei som står på programmet. Møta er kjernen i den utetter-retta verksemda vår, og oppmøtet plar vera godt.
Ikkje berre måtte mange møte avlysast i 2021, men på dei som vi kunne gjennomføre, var også oppmøtet dårlegare enn i åra før pandemien råka oss.

Språk og makt. Torsdag 30. september 2021 kl 19-21. Med Danlel Ims, Språkrådet. 34 deltakarar. Temaet var makta i orda og makt over orda. Aukande vekt på menne­skerettar og likeverd har gjort oss meir vare for stigmatiserande ord, og identitetspolitikken har sett merke på språkbruken. Kva er det som avgjer om eit ord er brukande, er det ein rett for dei som ordet blir brukt om? Kan utluking av sensitive ord styre oss bort frå gamle fordommar?​ Og står vi i fare for å skape språkleg utryggleik og «hol» i språket? Dette var ein del av dei spørsmåla som vart drøfta på møtet.

Å irritere seg over skrivefeil. Torsdag 21. oktober 2021. Med Kristin Fridtun, forfattar og filolog. 30 deltakarar. Vi kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å følgje rettskrivingsreglane varierer. Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tar det heilt med ro. Kvifor reagerer vi så ulikt? Kva hender i hjernen når vi støyter på skrivefeil? Har personlegdomen vår noko å seie for korleis vi reagerer? Dette var spørsmåla Kristin Fridtun tok opp på møtet. Ho fann at personlegdom har ein del å seie, men at reaksjonsmønsteret vårt likevel ikkje er hogge i stein. Dei aller fleste av oss kan få bukt med skrivefeil-irritasjonen, berre vi går inn for det, meinte ho.

Hans Nielsen Hauge. Myta og mennesket. Onsdag 1. desember. Med Trygve Riiser Gundersen, litteraturvitar og forlagsredaktør. 38 deltakarar. I 2021 var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Kva slags rørsle det var denne mannen sette i gang dei siste åra av 1700-talet? Var det ei religiøs vekking? Var det eit opprør og i så fall mot kven? Kvifor var det så viktig for styresmaktene å stogge han? Og kven forma ettermælet hans? Dette var nokre av dei spørsmåla som var oppe på møtet. Riiser Gundersen viste korleis Hauge braut med viktige prinsipp i den tida han levde i og starta ei anti-autoritær rørsle i eit totalitært samfunn. Hauge skapte den første landsdekkjande folkelege rørsla i Noreg, ei radikal rørsle med ein feministisk praksis. Hauge-rørsla er mor til alle dei folkelege rørslene i Noreg på 1800-talet. Men mykje av det kontroversielle ved Hauge vart seinare underslått.

Informasjonsarbeid
Det er laga ein brosjyre som presenterer laget. Nettsidene våre, baerummaallag.com, blir stadig oppdaterte. Laget har også ei facebook-side. Gjennom desse kanalane blir det informert om aktiviteten i laget og aktuelle saker som gjeld språk og målarbeidet. I tillegg har styret sendt ut nyhendebrev på e-post til medlemmene om aktuelle saker og likeins brukt Facebook til det formålet.
Informasjon om lagsmøte blir sendt ut med e-post til alle lagsmedlemmene før kvart nytt arrangement. Dei opne møta blir og annonserte i nyhendebrev frå Bekkestua bibliotek og på plakatar på biblioteket. Informasjon om lagsmøte blir også spreidd på dei private facebook-sidene til styremedlemmene.

Medlemsverving
Korona-restriksjonane har vore til mein for vervingsarbeidet. Vi har hatt færre publikumsarrangement og vi har heller ikkje gjennomføre noko liknande som teaterturen til Sverige, som i 2019 skaffa oss mange nye innmeldingar. Det er lett å få folk til å melde seg inn i laget når ein har noko særskild å tilby medlemmene. Det har vi ikkje hatt dei siste to åra.
Bærum Mållag var i 2019 mellom dei fremste lokallaga i Noregs Mållag når det gjeld medlemsverving. I dei to siste åra har vi ikkje klara å halde den posisjonen. Likevel har vi hatt framgang i medlemstal. Da det var høgst i 2019 hadde vi 122 medlemmer, ved utgangen av året 2021 hadde vi 134 betalande medlemer. Vi har fått 17 nye medlemer i 2021.

Fråsegn om ny opplæringslov
Framlegg til ei ny lov for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa har vore ute til høyring i 2021, og Bærum mållag har sendt inn høyringssvar. Opplæringslova er ei lov som skal vera med til å forme verdi- og kunnskapsgrunnlaget for den neste generasjonen, og med det også den språklege framtida vår. All opplæring handlar om språklege verdival og framtidig språkleg praksis.
Frå årsskiftet vil den nye språklova gjelde. Lova stadfestar at nynorsk skal ha eit særleg vern. Framlegget til ny opplæringslov freistar å rette seg etter dette, men framlegget samsvarar likevel ikkje godt nok med lova. I fråsegna vår peikar vi på at lovframlegget ikkje tek nok omsyn til realitetane: dei ulike vilkåra for nynorsk og bokmål. Det trengst særlege tiltak skal elevar med nynorsk få ei fullgod opplæring på eige språk slik at nynorsk kan ha rimelege framtidsvilkår.
Elevane lever i aukande grad i ei digital verd, dominert av engelsk og bokmål. Denne dominansen vil også vera ramma for og innhaldet i skolekvardagen om det ikkje blir sett i verk kraftfulle tiltak. Skorten på digitale læremiddel, læringsplattformer og læringsverktøy på eige språk gjer at nynorskelevar har store handikapp, og verknaden er at nynorsk blir uttyna, utarma og fråvald. Ei tidhøveleg opplæringslov må sikre ein digital læringskvardag på eige språk for nynorskelevane. For elevane er det eit rettvisekrav, for nynorsken kan det vera eit eksistensspørsmål. Nynorskelevane skal ha like god opplæring i og på språket sitt som elevar med bokmål som hovudmål, og nynorsk skal ha levelege framtidsvilkår slik språklova føreset.

Nynorsk inspirasjonsdag
Åse Hermundstad Sanner i Bærum Mållag har vore sentral i arbeidet med nynorsk inspirasjonssdag, som vart gjennomført på Det Norske Teatret 8. mars 2021. Formålet med arrangementet er å gje lærarar inspirasjon og kunnskap som gjer dei til betre undervisarar i nynorsk. Arrangementet har vore årvisst, men måtte avlysast i 2020 på grunn av koronaen. I 2021 kunne det gjennomførast med redusert deltakartal, noko som skapte store ventelister.

Økonomi
Økonomien i laget er god. Vi viser til den utsende rekneskapen. Jamt over klarer vi å få dei opne møta til å gå i balanse eller med eit lite underskot.

Utsiktene framover
Styret ser fram til å komma i vanleg drift att. Vi har mange gode programidear og eit godt kontaktnett. Vi vil arbeide for å auke medlemstalet og komma med gode tilbod til dei som er medlemmer. Å arrangere ein ekskursjon i året til eit attraktivt reisemål har vist seg å vera ein god måte å få nye medlemmer på.
Styret meiner at det er ei god oppskrift for det vidare arbeidet å skipe til to eller tre opne møte i semesteret, der vi tek opp spørsmål knytte til språk, kultur og litteratur, men òg nokre gonger meir kontroversielle politiske emne som kan ha samanheng med språk og kultur.